Salmar på Falturiltu - Melk og honning (18+)

Om arrangementet

Melk og Honning – ei musikalsk hyllest til Kenneth Sivertsen

I samarbeid med stiftinga Remembering Kenneth og prosjektet Salmar på Osvald arrangerer Falturiltu ei framføring av Kenneth sitt salmealbum «Melk og Honning». Endre Olsen vert med som gjesteartist.

I år er det 20 år sidan Kenneth Sivertsen gjekk bort. Kenneth Sivertsen var ein allsidig komponist, gitarist, vokalist og humorist som sette spor etter seg. Han vaks opp på Moster og fekk tette band til bedehusmusikken frå han var ganske liten. Som komponist laga han alt frå store klassiske verk til jazz og enkle nynorske viser.

Melk og honning vart spela inn på plasteselskapet Kirkelig kulturverksted og er hans einaste album der han tolka andre sin musikk på sin eigen måte. På konserten gjenskapast dei flotte arrangementa og lydbiletet frå plata. Publikum får høve til å synge med, eller til å berre kome og lytte.

På scena står Salmer på pub-gjengen frå Osvald pub. Konserten er del av arbeidet til stiftinga Remembering Kenneth, som ønskjer å ta vare på og formidla den rike kunstnarlege arven etter Kenneth Sivertsen. Tidlegare i år arrangerte stiftinga ein utseld minnekonsert med svært god respons frå publikum, noko som viste kor stor betydning musikken hans framleis har.

Medverkande: 

Endre Olsen: vokal og gitar

John-Inge Rolfsnes: vokal/ koring og gitar

Gunhild Aadland Rolfsnes: vokal/ koring

Lars Gunnar Solsvik: tangentar

Jonas Selås Olsen: Slide-gitar/ dobro

Jørn Olav Myhre: bass

Tor Helge Valvatne: trommer

Foto: Peter Tubaas (Gunhild, Jonas og Tor Helge), Kjetil Fyllingen (John-Inge), Sigfred Stangeland (Endre).