Sångar ur skogen
Billettar
Om arrangementet
Skogen pustar og talar om si smerte, tørka truar med å svelte menneska. Menneska får klimafeber i Selma Lagerlöf si verd og i dag skriv AI dårlege manus om våre liv. Selma stod på barrikadene for notidas klimautfordringar utan å vite at det ho skreiv skulle gjelde oss i dag, ho var økosof før begrepet fantes. Forestillinga "Sånger ur skogen" tar utgangspunkt i Selma Lagerlöfs tekstar om natur, klimaøydeleggingar og hennar lidenskap for jordbruk. I forestillinga samspelar Selma, Skogen og sagaen og handlinga pendlar mellom Värlmans skogar og ein bedøvd notids verklegheit frå Selmas tid og inn til dagens klimakrise. Ein skodespelar og to musikarar går inn og ut av rolla som Selma og vevar saman ei mengd av Selmas tekstar med nyskriven, eksperimentell, folkemusikk.
Forestillinga er eit allkunstverk der musikken og teksten foreines og gir kvarandre motstand. Selma Lagerlöf varer født 1858 i Värmland og var den fyrste kvinna i verda som fekk Nobels litteraturpris. Ho var også godseigar med 30 ansatte på garden, noko som var svær uvanleg på denne tida. Garden og Värmland var hennar store passion i livet, noko som tydleg kjem fram i hennar litteratur. Selma var lesbisk med fleire store kjærleikar i livet, igjen, heilt motsett mot tidens normer og lovar. Selma var ein pioner innan mange områder, og vi forsøker å lyfte fram nokre av desse sidene.
Medverkande:
Embla Hane
Vegard Rubach Ese
Tiril Eirunn Einarsdotter
Tekstar:
Selma Lagerløf
Regi/bearbeiding:
Embla Hane
Musikk:
Vegard Rubach Ese/ Tiril Eirunn Einarsdotter
Lysdesign:
Freja Forsström
Koreograf:
Madeleine Karlsson