Julekonsert Secret Garden, "Sacred Night"

Om arrangementet

Ein stemningsfull og annleis julekonsert

Dersom du vil oppleva ein stemningsfull og annleis julekonsert, er Secret Garden eit godt val. Det er første gongen den verdskjente gruppa, med over 3 milliardar streams, held 16 julekonsertar i Noreg. 

Med originalskriven musikk byr Secret Garden på ein unik julekonsert. I fjor kom første delen av albumet «Sacred Night» – ei samling nye julesongar som blei omtalt av Aftenposten som «årets beste nye julealbum». I år har gruppa komplettert julealbumet med endå 5 nye songar.


–Det er samarbeidet med ein av våre faste sangere, Cathrine Iversen, som har gjort dette mulig. Vi trengte en vakker stemme som kunne bære prosjektet frem. Som med-artist på albumet fremfører hun 12 nyskrevne julesanger, seier Rolf Løvland. I tillegg til fullt band har Secret Garden med seg den høgt profilerte songaren Espen Grjotheim som også tilhøyrer gruppas faste team. 
–Vi gleder oss til å fremføre den nye musikken vår og håper at vi kan gi publikum en vakker og annerledes juleopplevelse.


I tillegg til songar frå julealbumet vil publikum også få høyra fleire av Secret Garden sine store «hits».