Skjebneval i USA

Om arrangementet

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå. Dette gjeld både valsystemet, og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane.

Presidentvalet kjem til å bli dyrare og bitrare enn nokon gong, denne gongen blir det kanskje også det viktigaste: Er demokratiet trua? Kan det bli borgarkrig? Eller er folkestyret så solid at det uansett vil vinna over alvorlege politiske kriser og djupe sosiale splittingar?

Mange amerikanarar har erfart at medan løna har stått stille, har prisane auka jamt og trutt. Veljarane gjev dei folkevalde skulda, og politikarforakta er rekordhøg. Dei to store partia står langt frå kvarandre og det politiske klimaet i Washington DC er kjøligare enn på lenge.

Det er nok av saker å gripa tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemd abort, internasjonalt samarbeid kontra “America First”.

Denne gongen er det likevel mange som meiner at sjølve det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val.  

Alt dette og meir vert det kasta lys over, og vil bidra til at vi blir litt meir opplyste når valet går av stabelen i byrjinga av november.

 

Dette arrangementet skjer i samarbeid med Vestland fylkeskommune.

(Foto: Espen Røst)