Solveig Landa er fødd 1960 i Rosendal. Utdanna ved Rogaland Distrikthøgskole 1981-82, Montana State University, Bozeman, USA 1982-86 og University of Washington, Seattle, USA 1986-89. Verksmeister ved Grafisk Verkstad Stavanger frå 2006 til i dag. Bur og arbeider i Stavanger.

Landa arbeider med grafikk, skulptur og installasjon. Ho har som overordna mål å bringa naturen inn i kunsten og kunsten ut i naturen

Landa er innkjøpt til samlingar i inn og utland ( m.a. av Sunnhordaland Kraftlag, Kvinnherad Kommune og Nordic Heritage Museum, Seattle, USA) og arbeid av henne er brukt i offentlege kunstprosjekt. 

 

Arr. Stord Kunstlag 

Inngong kr 50 / Gratis for born og medlemmer.