Sommarbok & is

Om arrangementet

Sommarbok & is er fem lesestunder i sommarferien. Ein formidlar frå biblioteket vil lesa bildebøker på scena i biblioteket. Høver ekstra godt for barn frå 5 år og alle som er med på Sommarles!

Alle får ei is i handa. 
Varigheit 20 minutt. 
Fritt tilgjenge.

11. juni og 6. juli vil det vere dyr til stades.

Reserver gratisbillettar på www.stord.kulturhus.no

Møt opp seinast 10 min før arrangementstart, etter dette blir plassane frigjeve til publikum på venteliste. Billettar må visast i skranken i biblioteket før du går til arrangementet.