Sommarkonsert: Trio Tunnel

Om arrangementet

Gøy for heile familien i sommar!

Denne lokale trioen er som skapt for Knutsen & Ludvigsen sitt snodige univers som lyser opp kvardagen med smellbongbong og god mat av alle slag. Her kan alle syngja med når me møter elledillar, krokofantar og fargeblinde fiskehandlarar. 

Trio Tunnel er Roald Kaldestad, Endre Olsen og Jørgen Sandvik.