Songlaget Stordabuen: LET'S GET LOUD

Om arrangementet

LET'S GET LOUD

Vestlands største blandakor, Songlaget Stordabuen, er attende – slik du kjenner oss best!

Etter fjorårets store suksess med musikkspelet Raidet, er koret tilbake på scena i Kulturhuset med ei ny konsertframsyning.

I «LET'S GET LOUD» hyllar me kvinnelege låtskrivarar og artistar gjennom ein herleg miks av latino, country, viser og pop frå fleire tiår. Musikk frå Roxette, P!nk, Kari Bremnes, Maria Mena og SKAAR er noko av det du får høyre frå scena i år. 

Det vert i alt tre framsyningar:

Laurdag 17. oktober kl. 18.00 (18+)

Søndag 18. oktober kl. 17.00

Tysdag 20. oktober kl. 19.00

Med over 70 songarar, fullt band og musikalsk leiar Torleiv Agdestein lovar me at det blir godt med lyd og liv i salen!