Bjørn Tomren –Jul på godt og vondt

Om arrangementet

Billettsal frå 29.04 kl. 10.00

Bjørn Tomren, som blei folkeeige og omtalt som«den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene» etter seieren i 2021, legg ut på juleturné igjen! Fjorårets turné,«Med et anstrøk av jul», blei ein kjempesuksess. Konserten blei spelt for fulle hus frå Kristiansand i sør til Harstad i nord, og tilbakemeldingane og jubelen frå publikum var klar: Dette måtte gjentakas!

Årets turné, «Jul på godt og vondt», vert spelt frå 21. november til 21. desember, og Bjørn Tomren og bandet hans er innom 22 byar og spelestader før dei vender nasen heimover igjen. På veien skal dei gjera sitt ytterste for å gi det norske folk eit forsiktig snev av julestemning, med eit variert repertoar og lune, morosame historier, levert på måten berre Bjørn Tomren kan.

Dette sa publikum etter konsertene i fjor:«Utradisjonell julekonsert som viser hvilken tusenkunstner Bjørn Tomren er. Følelsesregisteret mitt gjennom konserten gikk fra måpende og forundret via rørt til lattermild» –Sissel, Os

«Bjørn Tomren lager konsertmagi med sin humor, sin enorme musikalitetog sitt personlige uttrykk. Konserten var et høydepunkt og jeg anbefaler konserten på det varmeste til hvem som helst.» Vigdis, Husnes)

«En fantastisk konsert. Den desidert beste «julekonserten» jeg noensinnehar vært på». Lars-Inge, Bømlo

«Flott konsert! Tomren har ei utruleg stemme, artig humor og han kan sjonglere - kva meir kan ein ynskje? Når han i tillegg har med seg tre framifrå musikarar vert det rett og slett heilt prima!» Connie, Førde

«Det er utrolig lenge sia jeg har ledd så mye!! En herlig bisarr humor! Ingen gikk sure derfra.» Tore, Stokmarknes

På scenen:  Bjørn Tomren, Edvard Mjanger –bass, Hans-Olav Molde – trommer, Einar Sogstad –tangentar