Jonas Fjeld

Om arrangementet

Setter bagen fra seg

Presentert av Stageway, All Thigs Live Norway:

Jonas Fjeld tar siste runde

Han har underhalde oss i meir enn 50 år. Han har laga nokre av Noregs nasjonallåtar. Han har fått oss til å le, gråta og tenka med songane sine og med si eineståande formidlingsevne. Men alt har ein ende, også for Jonas Fjeld. No er tida komen for å setta bagen fra seg etter eit liv i musikkens teneste. Men først skal det gjennomførast ein siste runde. 

Jonas Fjeld er ein artist som takka vera si lange karriere er meir allsidig enn mange andre kan drøyma om å bli. Han starta som gjøglande rockar i det elleville bandet Jonas Fjeld Rock ‘n’ Rolf Band, fortsette med seriøs funk innspelt i USA, laga country-plate i Nashville, samarbeidde med utalege norske artistar på plate (Hilde Heltberg, Lillebjørn Nilsen, Randi Hansen, Ivar Medaas, Øystein Sunde m.fl.), gjorde comeback som soloartist med country-inspirert viserock, spelte amerikansk folkemusikk saman med Rick Danko fra The Band og Eric Andersen, samarbeidd med visekongen Ole Paus og rockepoeten Henning Kvitnes, kasta seg ut i bluegrass saman med Chatham County Line, og gjekk til topps i lag med legendariske Judy Collins. For ikkje å snakka om Jonas Fjeld Band, som var leiande innan norsk rock på 80-talet med to Spellemannprisar. Noko som understrekar at Jonas Fjeld er ein artist utanom det vanlege – ikkje bare i norsk, men også internasjonal samanheng. 

Nå nærmar han seg målstreken, og det skal feirast. For sjølv om dette blir hans siste runde, er det ikkje snakk om å henga med hovudet og ta farvel. Tvert imot – på desse konsertane skal Jonas Fjeld framstå som den artisten han i bunn og grunn er: Ein artist som elskar publikummet sitt, som elskar å opptre, og som evnar å nyta nuet. Kvar konsert på denne turneen vil bli ein fest. Men ta med eit lommetørkle, sånn for sikkerhets skuld. For er det noko Jonas Fjeld verkeleg kan, så er det å lokka fram kjenslene i oss. Det finst ingen som er hans like. DET skal feirast.