Stein Torleif Bjella
Billettar
Om arrangementet
Frå Øvre-Ål Toneakademi til Arena scene
Stein Torleif Bjella er kjend som musikar, rimsmed og forfattar. For romanen Fiskehuset vart Bjella tildelt Nynorsk litteraturpris 2021. Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av. Det er berre å gle seg til eit dykk ned i Bjellas låt- og tekstunivers når han besøkjer Falturiltu og Stord mållag.
Merk: Sitjeplassar - dørene opnar klokka 19:00.
Foto: Baard Henriksen