Audun Myskja: Hjartet mitt har ikkje demens
Billettar
Om arrangementet
Velkomen til eit inspirerande føredrag med Audun Myskja. Med utgangspunkt i boka «Hjertet mitt har ikke demens» løftar han fram nye perspektiv på demens og kva det vil seia å vera menneske, også når hukommelsen sviktar.
Myskja deler kunnskap, erfaringar og refleksjonar om korleis me kan møte menneske med demens med respekt og forståing. Han set søkjelys på ressursane som finst og korleis musikk, sansar og relasjonar kan opne dører til kontakt og livsglede.
Audun Myskja er lege, forfattar, musikar og ein av Noregs mest profilerte føredragshaldarar innan stressmeistring, pust, livsbalanse og ressursorientert helse. Med fleire tiårs erfaring frå klinisk praksis, undervisning og prosjektleiing har han utvikla ein unik tilnærming til korleis ein kan styrka eigne ressursar, førebyggja sjukdom og skapa varig endring i liv og arbeidskvardag.
Arrangør: Stord Fitjar demensforening og Stord bibliotek.
