Sunnhordland revmatikarlag: Vagusnerven - kroppen si skjulte superkraft!

Om arrangementet

KURS onsdag 21. oktober kl. 18:00-20:00.
Småsalen, Stord kulturhus 

Foredragshaldar:

Nevrorefleksolog Annette Løno, dagleg leiar for Nervusklinikken i Stavanger. 

Ei heilheitleg og lett forståeleg formidling av korleis du sjølv kan stimulere «den tiande hjernenerven», og redusere stress, uro og smerter. Det blir føredrag og enkle eksempel på øvingar, samt høve til å stille spørsmål og kjøpe bok.

Annette Løno har arbeidd som nevrorefleksolog i 20 år. Ho står bak Helsetipspodden – ein av Noregs mest populære podkastar innan helse, og er ein erfaren foredragshaldar om vagusnerven og nervesystemet. Ho gjekk i lære hos  Audun Myskja, lege, forfattar og pioner innan fagfeltet stressmeistring og livsbalanse. Myskja vitjar òg Stord kulturhus 3. september. 

Billettar via Stord kulturhus si nettside

Pris: 

Medlemer i SHL revmatikarlag:             150,-

Ikkje-medlemer:                                     300,-