Sy & Trykk på Klesbyttedagen på Stord

Om arrangementet

I samband med Klesbyttedagen på Stord inviterer me til workshop for både små og store! Her kan du lære enkle handarbeidsteknikkar, bruke overskuddstekstil og gi nytt liv til klede Stasjon 1: Sy tøypose av overskuddstekstil Her lærer du å sy ein enkel og praktisk tøypose. Posen er lett å lage og passar perfekt for nybyrjarar – både vaksne og barn. Ingen forkunnskapar i søm er nødvendig. Stasjon 2: Tekstiltrykk Her kan du stemple med tekstiltrykk – anten på tøyposen du har sydd, eller på små firkanta tøylappar. Lappane kan brukast som reparasjonslappar over små hol i plagg, eller som pynt. Denne stasjonen passar dei fleste aldrar. Me set opp to workshops med plass til 8 deltakarar på kvar. Tidspunkta er: 12:30 og 14:00 og det varar ca. ein time. Barn bør ha følge med vaksen. Dette er ei flott moglegheit til å vere kreativ, lære noko nytt og bidra til gjenbruk og mindre forbruk Pris: 50,- per deltakar