SYMRE (18+)
Billettar
Om arrangementet
SYMRE frå Morgedal er ein ung artist med jazza pop og folketonar
Med lune, leikne og ofte overraskande tekstar, skapar Symre Taugbøl Bang songar som er både nære og finurlege. Musikalsk rører SYMRE seg fritt mellom jazz, folketonar og pop, og let sjangrane flyta naturleg inn i kvarandre.
Det ferske albumet Ikkje noko for meg (2026) viser ein særs trygg og drivande låtpoet. Her møter me ein artist som balanserer humor og alvor med stor presisjon. At SYMRE har fått NOPA-stipendet – som blir delt ut til unge låtskrivarar som er venta å prega norsk musikkliv framover – kjem difor ikkje som ei overrasking.
Me ser fram til å oppleva SYMRE på Stord under Falturiltu 2026!
BILLETTAR: Det er både enkeltbillettar, dagspass og festivalpass tilgjengeleg for Falturiltu 29. - 31. oktober i Stord kulturhus.
Foto: Ole Børset
