Festivalar

Kulturtenester koordinerer to årlege festivalar: Falturiltu - ein av Noregs største barnebokfestivalar, og Teaterfestivalen - ein amatørteaterfestival for barn og ungdom.


Falturiltu
 
Nynorsk barne- og ungdomsbokfestival. Starta i 2007, og er i dag ein av Noregs største litteraturfestivalar for barn- og ungdom. Festivalen går føre seg i regionen rundt Stord i veke 45 og har rundt 90 arrangement i løpet av festivalveka.

Falturiltu har eiga heimeside og kan følgast på Facebook.
Billettsalet til Falturiltu finn du på denne lenka.


Teaterfestivalen
Ein årleg festival for unge skodespelarar i alderen 7 - 20 år. Ei helg i året arrangerer Stord teaterlag og Stord kulturhus denne festivalen som samlar scenekunstgrupper frå fleire fylke. På Teaterfestivalen viser gruppene stykker for kvarandre, samt deltek på workshop og sosiale aktivitetar.

Les meir om festivalen og påmelding 
her og følg den på Facebook

Alle foto: (c)Vindblikk/ Kari Mendelejev Svanberg

 

 

 

_
_
_