Simin Tander / Tord Gustavsen Duo

Om arrangementet

HYMNS AND VISIONS

Den tysk-afghanske vokalisten Simin Tander gir oss dei gamle norske salmane tilbake på måtar me ikkje hadde sett på førehand; i nye versjonar på det afghanske språket pashto.

Tord Gustavsen gav i 2016 ut eit album på ECM Records der han nytolkar og utfordrar gamle norske salmar i ein sufi-inspirert og fri dialog. Saman med den afghansk-tyske songaren Simin Tander og poeten B. Hamsaaya har han fått gjendikta og transformert utvalde salmetekstar til det uutgrunnelege og vakre språket pashto, som var morsmålet til Simin sin far. I tett dialog med dei gamle salmane gjer dei også frie improvisasjonar og originalkomposisjonar til sufi-poesi i engelsk gjendikting. Alt blir integrert inn i eit univers av lada minimalisme og sterke melodiar.

I dette prosjektet blir kvalitetane frå Tord sin instrumentalmusikk integrert i det sterke samspelet med ein karaktersterk og original vokalist med store ekspressive kvalitetar og stor lyrisk prakt.

Vokalisten Simin Tander er ein av dei mest særmerkte personlegdomane i den unge europeiske jazzen. Med si kjenslerike og trygge stemme byggjer Simin bruer mellom vestleg jazz og arabisk-liknande vokalflukt mellom songar og intime balladar.

Pianisten Tord Gustavsen har gitt ut ti kritikarroste album på ECM Records. Før han starta solokarriera si, hadde Tord allereie vore ein viktig del av den norske jazzscena i mange år. Han hadde spelt saman med ei rad andre kjende artistar som t.d. Silje Nergaard, Solveig Slettahjell, Kristin Asbjørnsen, Mahsa Vahdat, Kim Rysstad, Arve Henriksen, og fleire andre. Tord Gustavsen har motteke ei lang rekkje prisar for det eminente pianospelet sitt og for det uttrykksfulle musikkuttrykket han maktar å gi lyttarane sine.

 

Simin Tander – vokal

Tord Gustavsen – piano, elektronikk

Raphael Beck-Foss – lyd

Lenke til musikk