Tre menn til Vilma

Om filmen

Originaltittel: Tre menn til Vilma

Premiere: 2024-11-08

Varighet: 1t 32min

Sjanger: Komedie, Drama

Aldersgrense: (9 år) Ungdom/Vaksne

Originalspråk: Norsk

Regissør: Charlotte Blom

Den 35 år gamle læraren Vilma Veierød bur åleine. Ho skyr sosiale media og bekymrar seg for mykje – aller mest for døden.

Ein førjulsdag står brått den kjekke presten Ivar og patologen Robert med tourettes på trappa hennar med eit brev og beskjeden om at far hennar er død. Vilma visste ikkje ein gong at ho hadde ein far, og brevet set heile tilværet hennar på hovudet. Det har ikkje vrimla med menneske i livet til Vilma Veierød. Langt i frå. Men no må hun brått forhalde seg til to menn. Tre - om ein reknar med den døde faren. TRE MENN TIL VILMA er ein varm, morosam og rørande julefilm. Ein film om å bekymre seg litt for mykje. Om å bryte ut av einsemda, sleppe folk inn og å leve litt meir. Ei påminning om at det er håp, sjølv for dei mest håplause av oss. Tre menn til Vilma er basert på Gudrun Skretting si bestselgjande bok, som kom ut i 2020.