Vamp

Om arrangementet

Vamp har utvikla eit spesielt uttrykk i møte mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela. 

Dei har eksistert i og levert i vel tre tiår. Hundervis av songar om det å vera menneske. Om kjærleik og sorg, myter og skrømt, sanning og svik, døden og livet. Og havet.

Dei har oppnådd massevis av heider og ære, m.a. 5 Spellemannsprisar, Prøysenprisen og Medaasprisen. Dei har gitt ut 18 album og selt plater i bøtte og spann. Katalogen er full av kjente og kjære songar som dei auser av på konsertane sine. 

Odin Stavlenad si deltaking i årets "Hver gang vi møtes" har berre forsterka interessa for dette bandet.

 

VAMP BESTÅR AV 

Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel

Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel

Jan Toft: vokal, gitar

Lars Eirik Støle: orgel, piano, synthar, trekkspel, kor 

Kjetil Dalland: bass, kor