Vår jul

Om arrangementet

Christian Ingebrigtsen, Maria Arredondo, Torstein Sødal, Gaute Ormåsen, Agnete Saba, Frøydis Grorud og kapellmeister Øystein Lund Olafsen inviterer deg herved inn i det musikalske universet sitt. 

Menyen er skreddarsydd for deg som vil senka skuldrene og fyllast med juleglede.

Til lyden av klangfulle melodilinjer frå artistane i harmoni med ekte, nær og lun historieforteljing, blir du servert dei herlegaste rettane: Frå dei nære, norske julesongane til vakre balladar ikledd mektige melodiar.

 

Hjarteleg velkommen til Vår jul!