Wuthering Heights
Billetter
Billetter blir lagt ut i god tid før premieren
Om filmen
Originaltittel: "Wuthering Heights"
Premiere: 2026-02-13
Varighet: 2t 15min
Sjanger: Romantikk, Drama
Aldersgrense: 15
Originalspråk: Engelsk
Regissør: Emerald Fennell
"Wuthering Heights" kjem på kino til Valentine's Day!
Frå den Oscar-vinnande filmskaparen Emerald Fennell kjem "Wuthering Heights", med Oscar-nominerte Margot Robbie i hovudrolla, saman med Bafta-nominerte Jacob Elordi. Filmen er ein dristig og original nytolkning av ein av de største kjærlleikshistoriane gjennom tidene, og er Fennells eigen versjon av historia frå Emily Bröntes romanklassikar. Robbie og Elordi spelar eit par der den forbodne lidenskapen for kvarandre utviklar seg frå romantisk til berusande i eit episk drama om begjær, kjærleik og vannvidd. På rollelista finn vi også Owen Cooper, Charlotte Mellington, Shazad Latif, Alison Oliver, Martin Clunes, Ewan Mitchell og Oscar-nominerte Hong Chau. Fennell regisserer etter sitt eige manus, og produserer saman med Josey McNamara og Margot Robbie. Bak kamera samarbeider Fennell med fleire av sine faste kollegaer, blant anna den Oscar-vinnande fotografen Linus Sandgren, den Oscar-nominerte produksjonsdesigneren Suzie Davies, og den Oscar-vinnande kostymedesigneren Jacqueline Durran. Popstjerna Charli XCX står for soundtracket, og du kan sjå musikkvideon til låta "Chains of Love" her: https://www.youtube.com/watch?v=tG1HKY6Jwas
