
Om huset
Generell informasjon
Stord kulturhus vart oppført i 1978 og har status som eit regionalt kulturhus. Me legg vekt på å vera eit inkluderande og levande hus for alle aldersgrupper. Stord kulturhus er drifta av Stord kommune og ligg midt i Leirvik sentrum. Kulturhuset blir til - Frå Resser arkivet
KONTAKTINFORMASJON
Telefon kiosk 53 49 69 66 / Telefon kulturhusvert 910 00 393
Sjå elles sida "Kontakt oss"
SOMMAROPNINGSTIDER 22.06.2026 - 13.08.2026: Ope måndag og tysdag til kl. 15.30 (stengt ettermiddag / kveld). Laurdag: Stengt.
I denne perioden blir det dagbading i bassenget unnateke i veke 28 og 29, då er det stengt for vedlikehald.
SKJENKELØYVE
Kulturhuset har skjenkeløyve på særlege vilkår: "Aldersgrenser: For tydeleg å skilja arrangement for barn og unge frå vaksenarrangement skal skjenkelokalet vera stengt for barn og unge under 18 år, i den faste skjenketida". Kulturhuset kjem difor berre til å skjenka på arrangement som er merka med "vaksen over 18 år".
FØRSTE ETASJE:
STORSALEN: 408 seter. Tilhøyrande garderobeanlegg med 2 sminkeceller og eit større arbeidsrom.
SMÅSALEN: 136 sete.
HØYREHJELP - Sennheiser Mobile Connect
- Installer appen "Sennheiser Mobile Connect".
- Koble wifi til Teleslynge Sal1 (Storsalen) Sal 2 (Småsalen).
- Du får no opp alle valga for tilkobling i appen. ( Kino eller konferanse. "Konferanse" er alt som ikkje er kino)
Dersom du skulle få spørsmål om QR kode er du enten kobla til feil wifi eller har ein slags blokkering på. (Dersom du prøver å opna appen utan å vera kobla til rett wifi ber den om ein QRkode)
SYMJEHALLEN
UNDERETASJE

KULTURSENTERET. Møte/festlokale med tilhøyrande kjøken og"dansesal" Kapasitet: 35-40 personar.
Pris lag/org: Kr 500 for inntil 3 timar, tillegg utover tre timar kr 100 pr time. Private: Kr 650, tillegg etter tre timar kr 200 pr time. (Betaling for leiga i kiosk).
Mandagsklubben og Onsdagsklubben sitt faste klubblokale.
2. etasje:
Stord folkebibliotek
Kulturadministrasjon/ eining for kultur
Administrasjonen til Stord kulturskule
TO MØTEROM: Tressmyro (20 stk) og Vikjo (10 stk):

Ideelle Kr 300 og Kommersielle/ private Kr 600 for inntil 3 timar. Utover tre timar kjem eit tillegg på Kr. 100 / 150 pr time (Betaling for leiga i kiosk).
